23. sep. 2026 09:30 - 17:00

Forkonferanse: Bidrar befolkningsbaserte helseundersøkingar til betre folkehelse?

Fysisk arrangement
Thon hotel Arena, Lillestrøm

Befolkningsundersøkingar utgjer ein sentral kunnskapsbase for folkehelsearbeid i Noreg, både i forsking, forvaltning og lokal planlegging. Men slike undersøkingar kan vera kostbare og det er ofte utfordrande å sikre god nok deltaking.

Føremålet med denne forkonferansen er å løfte blikket på den samla porteføljen av slike undersøkingar, med fokus innhald og bruk, men også utnytta potensiale. Gjennom forkonferansen vil det bli presentasjonar med utgangspunkt i erfaringar frå nokre av dei store nasjonale og regionale befolkningsundersøkingane i landet (…).

Innlegga vil vise korleis data frå desse undersøkingane kan nyttast til overvaking av helsetilstand, analyse av sosiale og geografiske skilnader i helse, utvikling av kunnskapsbaserte folkehelsetiltak og til bruk i evaluering av tiltak.

Forkonferansen legg til rette for fagleg utveksling på tvers av disiplinar og forvaltningsnivå, med mål om å styrkje samanhengen mellom forsking, politikk og praktisk folkehelsearbeid.

Arrangører: FHI mfl.